Ziggy Stardust: The Motion Picture er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i oktober 1983 samstundes med filmen med same namn. Musikken vart spelt inn under Ziggy Stardust-turneen i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, men albumet vart ikkje gjeven ut av RCA Records før 1983. Før dette hadde albumet eksistert som piratopptaket His Masters Voice – Bowie and the Spiders From Mars' Last Stand.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.116
Albumet dokumenterer den siste konserten Bowie spelt som Ziggy Stardust-rolla. Like før den siste songen annonserer han «ikkje berre er dette den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me gjer nokon gong. Tusen takk». Mange i publikum trudde det var Bowie sjølv som gav seg.David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.191
Produksjon og utgjeving D. A. Pennebaker filma konserten og RCA spelte han inn for å gje det ut som eit konsertalbum. Prosjektet vart derimot lagt på hylla av forskjellige årsaker. Mellom anna gjekk det rykte om at Bowie sjølv ønskte å forlate Ziggy, og at kvaliteten på opptaka var dårleg.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.65 Dei tenkte seg at RCA truleg ville gje ut materialet før eller seinare, så Bowie og produsent Tony Visconti miksa innspelingane i 1981. Denne miksen har fått mykje kritikk, sjølv om Visconti kalla det «meir ein redningsjobb enn eit kunstnarverk» med tanke på tilstanden til råmaterialet.«FAQ: David Bowie» at TonyVisconti.com
Albumet kom til slutt ut i oktober 1983 som ein dobbel-LP. På grunn av plassmangel på LP-formatet, vart fleire songar tekne bort, forkorta eller skyfla om på. «White Light/White Heat» vart gjeven ut på singel i november.
Nyutgjevingar Ziggy Stardust: The Motion Picture har vorte gjeven ut på CD to gonger. Den første var 7. august 1983 av Rykodisc og den andre i april 2003 av EMI/Virgin som 30th Anniversary 2CD Set, med ekstra songar, introduksjonar, sceneprat og den komplette versjonen av «The Width of a Circle». «Changes» vart òg sett inn på rett plass i høve til slik konserten vart spelt etterfølgd av «Moonage Daydream».
I 2003 vart musikken gjeven ut med ein Visconti-miks, som vart rekna som ei stor betring i høve til originalen.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.320 Nesten heile konserten vart gjenoppretta utanom om ekstranummera «The Jean Genie/Love Me Do» og «Round and Round» i lag med Jeff Beck. At framføringa til Beck ikkje er med er sagt å vere av honorar-årsaker eller til kjensla til gitaristen. I følgje Tony Visconti passa han ikkje inn i filmen.
Innhald
30th Anniversary 2CD Set (2003)
Medverkande David Bowie – gitar, vokal, saksofon, munnspel Mick Ronson – sologitar, bass, vokal Trevor Bolder – bass Mick Woodmansey – trommer Mike Garson – piano, Mellotron, orgel Ken Fordham – alt-, tenor- og barytonsaksofon John Hutchinson – rytmegitar, korvokal Brian Wilshaw – tenorsaksofon, fløyte Geoffrey MacCormack – korvokal, perkusjon
Teknisk David Bowie, Mike Moran – produksjon og miksing Ken Scott – lydteknikar David Bowie, Tony Visconti, Bruce Tergeson – nymiksing i 2003
Salslister
Album Liste (1983/84)PlasseringAustralian (Kent Music Report)67UK Albums Chart17Billboard Pop Albums89
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ziggy Stardust - The Motion Picture» frå , den 21. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Album produserte av David Bowie Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Filmmusikkalbum av David Bowie Kategori:EMI Records-album Kategori:Rykodisc-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:RCA Records-album