Raudaugevireo, Vireo olivaceus, er ein liten amerikansk Passeri som liknar songarar (parulaer), men er ikkje nært relatert til artar i parulafamilien. Utbreiingsområdet er tempererte og subtropiske område av Nord-Amerika og tropiske og subtropiske Sør-Amerika, i Nord-Amerika manglar han sørvestre USA og vestlege Mexico. I Mellom-Amerika og Karibia er han generelt i transitt som flyttfugl mellom sør og nord.Vancouver Avian Research Centre, Species: Red-eyed Vireo Lest 19. september 2011 Han er vanleg over det store utbreiingsområdet, og IUCN reknar han ikkje som trua.BirdLife International (BLI) (2008). Vireo olivaceus. In: IUCN 2008. IUCN Red List of Threatened Species. Lest 19 september 2011.

Skildring Vaksne er 13-14 cm i lengd, og er i hovudsak olivengrøne på oversida med lys underside, dei har ein raud iris og ei grå krone med mørk kant. Dei har ei mørk augestripe og ei brei lys stripe rett over denne. Beina er tjukke, blågråe og nebbet er kraftig. Dei er gulaktige på flankane og på dekkfjørene under halefjørrota, men dette er svakt blant einskilde populasjonar. Denne fuglen blir ikkje alltid sett når han blir høyrt, han kan synge over lange periodar, og synest å kunne gjenta same spurnaden og svaret i det uendelege. Underartar som hekkar i Sør-Amerika har ein enklare song, ein kastanjefarga iris, og ulike remigesproporsjonar.

Raudaugevireo fangar insekt frå lauvverk, prioriterer sommarfugllarver og bladlus, nokre gonger kan dei stille i lufta medan dei plukkar insekt. I nokre tropiske regionar blir dei ofte observerte i fleirartsflokkar, og beitar då høgare opp i trea enn dei fleste andre i slike flokkar.Machado, C.G. (1999): A composição dos bandos mistos de aves na Mata Atlântica da Serra de Paranapiacaba, no sudeste brasileiro [Mixed flocks of birds in Atlantic Rain Forest in Serra de Paranapiacaba, southeastern Brazil]. Revista Brasileira de Biologia 59(1): 75-85 [Portuguese with English abstract]. PDF fulltext Dei et òg bær, spesielt før trekket og i vinterkvarteret. Vanlegvis plukkar dei ikkje bær når dei stiller i lufta, men fuglane er elles ofte ganske akrobatisk når dei beitar, og kan jamvel hengje opp ned.Pascotto, Márcia Cristina (2006): Avifauna dispersora de sementes de Alchornea glandulosa (Euphorbiaceae) em uma área de mata ciliar no estado de São Paulo [Seed dispersal of Alchornea glandulosa (Euphorbiaceae) by birds in a gallery forest in São Paulo, southeastern Brazil]. Revista Brasileira de Ornitologia 14(3): 291-296 [portugisisk med samandrag på engelsk]. PDF fulltext Dei vil òg søkje inn i parkar og hagar.

Reiret er koppforma og plassert i ei forgreining av eit tre. Raudaugevireo blir åtaka av reirparasittisme. I nordlege delar av utbreiingsområdet av brunhovudtrupial (Molothrus ater), og av silketrupial (M. bonariensis) lenger sør.

Trekk Det finst tre hovudgrupper av i alt 10 underartar. Nominatarten har hekkehabitat i opne skogsområde tvers over Canada og austlege og nordvestlege USA. Desse fuglane trekkjer til Amazonasbassenget i Sør-Amerika, kor dei lever i den nordlege vinterperioden.

Alle andre populasjonar hekkar i Sør-Amerika og finst i nesten alle skogkledde habitat i området. Ei hovudgruppe av sju underartar er standfuglar i nordlege Sør-Amerika og Tobago. Ei siste gruppe hekkar i sørlege delen av Sør-Amerika, og inkluderer mesteparten av bestanden i Argentina, Uruguay, Paraguay og Bolivia. Desse er australmigrantar og trekkjer nordover for overvintring, så langt nord som til Sentral-Amerika.

Denne vireoarten er ein av dei hyppigare amerikanske passerine streiffuglar til Vest-Europa, med meir enn hundre registreringar, hovudsakleg i Irland og Storbritannia. Spontant i Noreg Eit individ av arten blei registrert på Utsira i Rogaland i oktober 2019, som den tredje observasjonen i Noreg.Torborg Berg, Magiske dager på Utsira høsten 2019, Vår fuglefauna: medlemstidsskrift for Norsk ornitologisk forening 42 (2019), nr. 4, side 228-232 Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Red-eyed Vireo» frå , den 19. september 2011 Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av raudaugevireo hos Internet Bird Collection kategori:vireofamilien kategori:Amerikanske sporvefuglar i Noreg