Klassekampen er ei dagsavis som er den tredje største papiravisa i Noreg, og ei av dei viktigaste intellektuelle avisene i Norden. Avisa vart grunnlagd i februar 1969 som ei månadsavis for det maoistiske partiet AKP (ml), men har etter år 2000 utvikla seg til å vere ei sosialistisk, men partiuavhengig avis med stoff om politikk og kultur.

Formålsparagrafen til avis vart vedteken i 1991.

Avisa Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold, ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.

Ansvarleg redaktør er Mari Skurdal (f.o.m. august 2018).

Avisa har ein relativt stor del av stoffet sitt på nynorsk.

Historie og namn Avisa er oppatt-kalla etter organet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, stifta i 1903.

Avisa vart altså grunnlagd i 1969, omtrent samtidig som striden i Sosialistisk Folkeparti (SF) (no Sosialistisk Venstreparti) tilspissa seg. Avisa vart talerøyr for ungdomsorganisasjonen SUF(m-l) (seinare Arbeidernes Kommunistparti (AKP)) som då braut ut av SF. I januar 1973 gjekk avisa over til å bli ei vekeavis. Ho gjekk då også over til å bli det formelle organet for det nystifta partiet AKP (m-l). Frå januar 1976 gjekk dei over til å gje ut to aviser i veka, og sidan 1. april 1977 gjekk dei over til daglege utgjevingar.

Ein av dei økonomisk krisene som råka avisa, førte til at nokre av satsingane til avisa, vart lagt ned [i 1979]: jordbruksavisa Sigden, Sámiid Hilat (ei avis på samisk), og ei avis for såkalla framandarbeidarar.Svein Lund. «Klassekampen i nord - før og no». Klassekampen. 2018-07-21. S. 43. «Kronikk & Debatt [...] Sámiid Hilat. [...] Avisa hadde ein eigen redaksjon. I tråd med den tidas «sikkerhetspolitikk» var denne ikkje publisert, men eg kan vel i dag røpe at eg var med der og skreiv nokre av dei anonyme artiklane i avisa»

Frå 1991 har avisa vore ei uavhengig venstresideavis.

Opplagstal-utvikling Netto opplagstal - frå Mediebedriftenes Landsforening: 1980: 7 219 1981: 7 633 1982: 7 685 1983: 7 920 1984: 8 008 1985: 7 780 1986: 8 020 1987: 8 110 1988: 8 185 1989: 8 449 1990: 8 206 1991: 9 232 1992: 10 042 1993: 9 692 1994: 9 822 1995: 9 103 1996: 7 796 1997: 8 087 1998: 6 506 1999: 6 477 2000: 6 557 2001: 6 648 2002: 6 929 2003: 7 178 2004: 7 512 2005: 8 759 2006: 10 109 2007: 11 386 2008: 12 109 2009: 13 265 2010: 14 390 2011: 15 390 2012: 16 353 2013: 17 648 2014: 19 253 2015: 21 648 2016: 23 414 2017: 25 019 2018: 27 855 2019: 30 076 2020: 32 375 2021: 34 036 Utviklinga i Klassekampens netto opplagstal(Raud for papir, rosa for digital del. I 2018 vart digital, del av abonnement på papiravis.)

Redaktørar Sjefsredaktørar

mini|Jon Michelet, redaktør frå 1997 til 2002. Anders M. Andersen 1969 Anders M. Andersen og Finn Aasheim 1969 Finn Aasheim 1969 Finn Aasheim og Sigurd Allern 1969-1970 Sigurd Allern 1970-1972 Finn Sjue 1973-1977 Egil Fossum 1977-1978 Egil Fossum og Sigurd Allern 1978-1979 Sigurd Allern 1979-1995 Paul Bjerke 1995-1997 Jon Michelet 1997-2002 Bjørgulv Braanen 2002-20182018-07-02. Klassekampen. S 26 Mari Skurdal 2018-

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tidlege nummer av Klassekampen i pdf-format Om oppbygginga av Klassekampen i Erling Folkvord si bok Rødt Om Klassekampen-striden i 1997 i Erling Folkvord si bok Rødt! «Vi som bryr oss om avisa Klassekampen» (Facebook) KK-forum Litteratur Rune Ottosen og Bjørn Westlie, Da «Klassekampen» ble dagsavis, i Tvedt, Terje, (ml) : en bok om maoismen i Norge. Oslo 1989, Ad Notam. ISBN 82-417-0023-7 Alf Skjeseth: Sykle på vatnet - historia om Klassekampen. Samlaget, Oslo 2011. ISBN 978-82-521-7538-7

Kategori:Aviser i Oslo Kategori:Norske riksdekkjande aviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser skipa i 1969 Kategori:1969 i Noreg