mini|Kjempe frå gresk myotlogi. Mosaikk frå kring 320 på Sicilia. Monster eller monstrum (frå latin monere, 'varsle', tyder eigentleg 'varsel, jartegn') viser til ulike vanskapningar og uhyre kjende frå folketru, mytologi og dikting. Ordet kan også visa til noko som er særs stort. Det finst ei rekkje fabeldyr som er rekna som monster. Mange av dei er ikkje-menneskelege, anten forma som dyr eller blandingar av desse, medan andre kan ha menneskelege trekk. Monster kan òg ha heilt nye former eller unormal farge, storleik, tal på lemmer eller organ og liknande.
Monster opptrer ofte i mytologi, segner og eventyr som noko ein helt må overvinna eller lura. I folketru og -dikting kan dei brukast til å skremma, til dømes som ei slags oppseding av born. Moderne skrekkfiksjon har fornya og dikta opp nye monster som har som hovudføremål å skapa uhygge eller redsle. Til motsats finst det også døme på verk der monster er blitt gjort snille og søte, som i animasjonsfilmen Monsterbedriften.
Nemningane «monster» og «uhyre» er også blitt brukte om personar som har utført særs grove brotsverk, eller om store eller uhyrlege ting, som monsterbølgje, monstertruck eller «monstermaster».
mini|upright|Japansk monster frå Ehon hyaku monogatari, ca. 1841. mini|upright|Menneske utkledde som monster i Braunau
Monster frå ulike tradisjonar Oldtida i Mesopotamia, Midtausten og Egypt Demonar, farlege andevesen Griff, løve- og ørneskapning Lotan (Leviathan i Bibelen) Sfinks, menneske- og løveskapning Tiamat, babylonsk drake
mini|Sjøuhyret Skylla. Antikke Argos, kjempe med hundre auge Basilisk, eit slangemonster Gorgonane, kvinner med ormehår Kentaur, mann- og hesteskapning Kerberos, vakthund i dødsriket Kimære, fabeldyr med geitekropp, løvehovud og slangehale Kyklop, einauga kjempar Minotauros, mann- og okseskapning Hydra, sjøuhyre med ni hovud Skylla og Karybdis, kjende frå Odysseen Varulv
Nordisk mytologi Fenresulven Linnorm Midgardsormen Nidhogg
mini|Drake som tek ein elefant. Illustrasjon frå Aberdeen Bestiary frå 1100-talet.
Europeisk mellomalder Beelzebub Drake Grendel Tarasque Rise
mini|Ravana er ein indisk asura. Asiatiske monster Asura, indisk demon Djinn, arabisk demon Ghoul, arabisk gravstadsdemon Naga, indiske slangemonster Yōkai, japanske spøkjelsemonster
Barnemonster Buse Dodraugen
Skrekksjangeren og science-fiction Godzilla Mumie Romvesen Zombie
Vass- og sjøuhyre mini|Sjøuhyre gravert av Johann Zahn i 1696. Bunyip Draugen Kraken Nessie Sjøorm Storsjöodjuret
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fabeldyr Kategori:Folkeminne Kategori:Utviklingsbiologi