Malmömässan er eit konferansesenter i Malmö kommune i Sverige. Det ligg i Hyllie nær Malmö Arena.

Bygningen frå 2012 har ein messehall på 10 000 km². Eit av dei største arrangement som blir haldne her er Skånemässan, som blir halden årleg i september og har rundt 25 000 vitjande.

Historie mini|venstre|Den tidlegare messebygningen i 2007, med Turning Torso i bakgrunnen.

Malmömässan var verksam i Malmö mässhallar på Malmö Stadion frå 1964. Desse var teikna av arkitektane Fritz Jaenecke & Sten Samuelson og innvigde i samband med femtiårsjubileet til Baltiska utställningen. I 1994 flytta Malmömässan til den tidlegare monteringshallen (hall 7) på Kockums verftområde i Västra Hamnen, nær skyskraparen Turning Torso. Dette anlegget omfatta 20 000 kvadratmeter fordelte på kongressenter, messelokale og restaurantar. Hallen blei stengd 31. mars 2010 for å rivast. Etter at planar om ein ny messehall i nabokommunen Burlöv blei skrinlagde, blei det bygd ein ny hall i Hyllie. Han blei innvigd i februar 2012 av arkitekten Erik Giudice.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Malmömässan» frå , den 13. september 2011.

Bakgrunnsstoff Nettstad for Malmömässan

Kategori:Malmö Kategori:Byggverk i Sverige