mini|Kuroshiostraumen er vestsida av havvirvelen i Nord-Stillehavet. mini|Havstraumane omgjev Japan: 1. Kuroshio 2.Kuroshioforleninga 3. Kuroshiomotstraumen 4. Tsushimastraumen 5. Tsugarustraumen 6. Sōyastraumen 7. Oyashiostraumen 8. Limanstraumen. Kuroshiostraumen er ein havstraum som renn nordover på vestsida av det nordlege Stillehavet. Han har likskap med Golfstraumen i Nord-Atlanteren. Som Golfstraumen er han ein kraftig vestleg grensestraum.
Fysiske eigenskapar Han byrjar utanfor austkysten av Taiwan og renn nordaustover forbi Japan, der han renn i saman med Nordstillehavsstraumen. Han er på mange måtar lik Golfstraumen i Atlanterhavet og transporterer varmt, tropisk vatn nordover mot Arktis. Han vert stundom kalla Svartstraumen, som er det namnet tyder på japansk.
Kvar Kuroshiostraumen ligg sør for Japan vert rapportert kvar dag. Motparten hans er Nordstillehavsstraumen i nord Californiastraumen i aust og Nordekvatorialstraumen i sør. Det varme vatnet i Kuroshiostraumen gjev liv til korallrev ved Japan, dei nordlegaste korallreva i verda. Greina som går inn i Japanhavet vert kalla Tsushimastraumen. Straumen er ansvarleg for det milde klimaet ein ser kring sørkysten av Alaska og British Columbia.
Biologiske eigenskapar Fordeling Vestlege grensestraumar fører organismar raskt langt av stad og mange kommersielt viktige organismar følgjer desse straumane gjennom livsløpet sitt.Mann, K.H. and J.R.N. Lazier. (2006). Dynamics of Marine Ecosystems. Blackwell Scientific Publications, 2nd Edition
Satellittbilete av Kuroshiostraumen syner korleis han buktar seg av stad og stundom lagar isolerte ringar eller virvlar med ein diameter på 100-300 km. Virvlane kan ha si unike form i fleire månadar og sine eigne biologiske eigenskapar, avhengig av forma på dei. Om virvlane er danna mellom straumen og kysten av Japan, kan dei påverke kontinentalsokkelen og den store kinetiske energien deira trekkjer store vassvolum bort frå sokkelen på den eine sida av ringen, medan han tilfører vatn på den andre sida. Syklonske virvlar har potensialet til å skape oppvelling ved kysten, som kan påverke den globale primærproduksjonen. Oppvelling fører kaldt, næringsrikt vatn til overflata og fører til auka produktivitet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 9. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Havstraumar i Stillehavet Kategori:Japansk geografi