Jacques-Yves Cousteau () var ein fransk marineoffiser, filmregissør og oseanografi. Han var ein pioner innan dykking og undervassfotografering. Saman med franskmannen Emil Gagnan fann han opp aqualungen i 1943. Dette var forløparen til vår tids trykkluftapparat som no blir brukt ved apparatdykking.

Han leia fleire ekspedisjonar med forskingsskipet «Calypso». Han vart direktør ved Musée Océanographique i Monaco i 1957. Costeau lagde fleire filmar, mellom andre Den tausen verden (1955) og Verden uten sol (1964). Han var elles særs engasjert i natur- og miljøvern.

I Frankrike er han kjent som le commandant Cousteau, andre stader som Jacques Cousteau eller Captain Cousteau.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jacques-Yves Cousteau» frå , den 7. september 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske regissørar Kategori:Franske fotografar Kategori:Franske oseanografar Kategori:Franske oppdagarar Kategori:Franske marineoffiserar Kategori:Franske oppfinnarar Kategori:Medlemmer av Det franske akademiet Kategori:Æreslegionen Kategori:Presidentens Fridomsmedalje Kategori:Folk frå departementet Gironde