Jacques Ernest Jean Piccard () var ein sveitsisk oseanograf, djuphavsforskar, oppdagar og ingeniør. Han er kjent for å ha utvikla undervassfartøy som vart nytta for å utforske havstraumane.
mini|venstre|Don Walsh og Jacques Piccard i batyskafen USS Trieste.
Han var ein av to personar som så langt (2011) har vore på det djupaste punktet i havet, 10 916 meter nede i Challengerdjupet i Marianergropa. Saman med den amerikanske løytnanten Don Walsh, tok han seg dit den 23. januar 1960 i undervassfartøyet USS «Trieste». Bragda vart på denne tida rekna som eit ledd i det teknologiske kappløpet mellom supermaktene USA og Sovjetunionen.VG - STORMAKTSKAPPLØP om havdypet (09.02.1960 - Side: 7) «Det ser altså ut til at stormaktenes kappløp om å erobre verdensrommet skal få sin parallell i kappløpet om erobringen av de store havdyp.»
Han var son av forskaren Auguste Piccard og far til psykiater Bertrand Piccard.
Verk Jacques Piccard og Robert S. Dietz: Seven Miles Down, Putnam, 1961 Jacques Piccard: The Sun Beneath the Sea, Scribner, 1971. ISBN 0684311011.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jacques Piccard» frå , den 7. september 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Brussel Kategori:Sveitsiske oseanografar Kategori:Sveitsiske oppfinnarar Kategori:Sveitsiske ingeniørar