Very 'eavy... Very 'umble er debutalbumet åt det britiske rockebandet Uriah Heep. Det vart utgjeve i Dei amerikanske sambandsstatane som Uriah Heep. Albumet er kjent for å ha meir frekk blues enn dei fylgjande albuma åt gruppa.

Den vart kritisert av den allmenne pressa kort tid etter lanseringa, men har seinare vorte heidra som ein tidleg klassikar innan tungmetallsjangeren. Den hardaste kritikken var Rolling Stone Magazine omtalar Melissa Mills, som byrja omtalen sin slik: «Dersom denne gruppa gjer det bra må eg taka livet av meg, Heilt frå fyrste tone har ein ikkje lyst å høyra meir.». Plateomslaget er vokalisten David Byron sitt andlet tulla inn i spindelvev på svart grunn, for å skapa eit mørkare uttrykk.

Albumet vart spelt inn på ulike tidspunkt frå sumaren 1969 til april 1970, og lansert juni 1970. Opphavleg vart Very 'eavy... Very 'umble utgjeve igjennom plateselskapet Vertigo i Storbritannia – som på oppfylgjaren Salisbury – men begge blei fort gjenutgjeve av Bronze då bandet signerte for det selskapet.

Gruppa har namnet sitt frå karakteren Uriah Heep i Charles Dickens-romanen David Copperfield. I boka nyttar Uriah Heep kvart høve til å stikke seg fram og fortelje at han er veldig audmjuk, very 'umble, og platetittelen er eit spel på det.

Innhald Komponistar med berre etternamn er eit bandmedlem

Opphavleg sporliste

Amerikansk utgjeving

Atterutgjevnad frå 1996

Spor 9-11 er bonusspor

Atterutgjevnad frå 2003

Spor 9-16 er bonusspor

Medverkande

Uriah Heep David Byron – vokal Ken Hensley – piano, orgel, mellotron, slide gitar, støttevokal Paul Newton – bassgitar, støttevokal Nigel Olsson – slagverk, perkusjon Mick Box – aukustisk og elektrisk gitar, støttevokal

Gjestemedlemar Alex Napier – slagverk (Spor 1,2,3,6,7 og 8) Colin Wood – tangentfjøl ("Come Away Melinda" og Wake Up (Set Your Sights)" Keith Baker – slagverk (Bird of Prey)

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Very 'eavy... Very 'umble» frå , den 31. august 2011

Kategori:Britiske musikkalbum Kategori:Tradisjonelle metallalbum Kategori:Debutalbum frå 1970