Thun (fransk Thoune) er ein kommune i distriktet Thun i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Byen er hovudstad i distriktet. Byen Thun ligg der elva Aare renn ut frå Thunsjøen. Byen vert rekna som porten til Berner Oberland.
mini|venstre|Utsyn over Thunsjøen
Hovudnæringane i Thun er turisme, våpen- og metallindustri, forlagsverksemd og næringsmiddelindustri.
Namnet Thun kjem av keltisk «dunum», og byen har vore bebudd sidan yngre steinalder. Byen har eit slott bygt på 1100-talet under hertugane av Zähringen. Thun fekk byrettar i 1264, og vart underlagt Bern i 1384.
Skirennaren Bruno Kernen er frå Thun.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thun» frå , den 29. august 2011.
Bakgrunnsstoff Thun.ch (tysk) – offisiell nettside Turistinformasjon
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Bern Kategori:Stader ved Aare Kategori:Stader ved Thunsjøen