Schwyz (fransk Schwytz, italiensk Svitto) er ein by og ein kommune i kantonen Schwyz i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Sentrum ligg 516 meter over havet, om lag 5 km aust for Vierwaldstättersjøen..
Namnet på staden Schwyz er første gongen nemnt i 972, og vart då skrive då «Suittes». Landsnamnet Sveits er avleidd frå stadnamnet Schwyz.
Hovudnæringane i byen er turisme, tekstil- og sementvareindustri. Han har fleire bygg frå 1600- og 1700-talet. St. Martin-kyrkja frå seinbarokken er med den rike utsmykkinga si ei av dei festlegaste barokkyrkjene i Sveits. Det historiske museet i byen inneheld dei eldste dokumenta som førte til grunnlegginga av Sveits, Bundesbrief av 1291. Det står eit minnesmerke over Arnold Winkelried i byen, helten frå slaget ved Sempach i 1386.
Franz Heinzer er frå Schwyz.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schwyz (Gemeinde)» frå , den 16. august 2011.
Schwyz – by. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Schwyz/by
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (tysk) kantonen Schwyz (tysk)
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Schwyz