Nordisk Språkteknologi Holding AS, eller NST, var eit norsk språkteknologisk firma som heldt til på Voss. NST vart grunnlagt i 1997, og hadde fokus på talebasert språkteknologi for norsk.
NST vart slått konkurs i oktober 2003, og dei språklege ressursane som NST utvikla vart kjøpt opp i konkursboet av eit sameige av Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, Språkrådet og IBM. Dei er no handterte av Språkbanken og er fritt tilgjengelege for kommersiell bruk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Nordisk Språkteknologi konkurs (bt.no) Nasjonalbibliotekets dokumentasjon om opprettinga av Språkbanken og forvalting av NSTs ressursar
Kategori:Språkteknologi Kategori:Tidlegare norske føretak Kategori:Skipingar i 1997 Kategori:Nedleggingar i 2003