Williamsburg er ein by i Virginia i USA, nær Chesapeake Bay. Han har kring 15 000 innbyggjarar og den viktigaste næringa i byen er turisme.

Heile landskapet rundt er rekonstruert slik det var i kolonitida. Delar av byen er inkludert i Colonial National Historical Park.

Historie Williamsburg var kolonihovudstad i Virginia frå 1699 til 1780 og vart grunnlagt som Middle Plantation, Her fremsette Patrick Henry i 1765 den historiske protesten mot Stempellova, og her vedtok koloniforsamlinga i Virginia i 1776 henstillinga si til Kontinentalkongressen om å erklære koloniane sjølvstendige av Storbritannia. Williamsburg har det nest eldste colleget i USA, College of William and Mary, grunnlagt i 1693.

Den første avisa i byen vart grunnlagt i 1736. Byen vart mindre viktig etter ein brann 1780, då hovudstaden vart flytt til Richmond. Byen vart restaurert 1927–1935 etter bevart byplan, og fekk tilbake preget sitt frå 1700-talet i rein kolonistil. Rekonstruksjonen vart betalt av J. D. Rockefeller jr. Fleire utstillingshallar, mellom anna Capitol og Governor's Palace er haldne heilt i 1700-tals stil, òg når det gjeld inventaret.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Virginia Kategori:Busetnader grunnlagde i 1632