Fredrik Peder Johannessen () var ein skipsingeniør og konservator, særleg kjend for sitt restaureringsarbeid med Osebergskipet og Gokstadskipet.

Liv og gjerning Johannessen var utdanna ingeniør frå Chalmers tekniska högskola i Gøteborg. Sidan arbeidde han ved Porsgrunn Baad og Skisbyggeri og ved Marinens Hovedverft i Horten.

I 1904 fekk han hovudansvaret for konservering og oppbygging av Osebergskipet. Dette var i samarbeid med professor Gabriel Gustafson, som leia utgravinga av Osebergfunnet. Frå 1923 arbeidde han iherdig for at Osebergskipet skulle flyttast til Bygdøy. I 1926 leia han arbeidet med flyttinga. Han leia òg flytting og restaurering av Gokstadskipet. Han var òg med på å take vare på fleire oldfunn, mellom anna Kvalsundskipet.

I 1943 fekk han konservatorstilling. Den hadde han til i 1948. Dei siste leveåra var han prega av lang tids arbeid med løysemiddel som vart brukt under konservering. Fredrik Johannessen mottok Kongens fortenestmedalje i gull i 1933. Han vart òg utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Han døydde i Oslo i 1951.

Kjelder Morten Kielland:Skjult mann bak skjulte skip i Kysten nr 4 2001

Kategori:Norske arkeologar Kategori:Norske museumsfolk Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Porsgrunn