Windermere er ein by i Lake District i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 8 500 innbyggjarar. Han ligg om lag 1 km frå innsjøen Windermere,http://www.britinfo.net/index_Windermere.htmhttp://www.picturesofengland.com/windermere/ den største naturlege innsjøen i England. Han har no vokse saman med den eldre byen Bowness-on-Windermere, som ligg like ved innsjøen, sjølv om kvar by framleis har klare sentrum.
Historisk høyrte byen til Westmorland. Byen blei skipa rundt Windermere jernbanestasjon, som blei opna i 1847. Stasjonen ligg på West Coast Main Line, og har avgangar til Oxenholme og til Manchester lufthamn. Windermere Hotel blei bygd i 1849.
Byen ligg nær hovudvegen A591, som går gjennom Lake District frå Kendal til Keswick.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Windermere, Cumbria» frå , den 26. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Cumbria