Millom er ein by sør i grevskapet Cumbria i England. Han har kring 7000 innbyggjarar og ligg ved utløpet til elva Duddon. Byen ligg like utanfor Lake District nasjonalpark, rundt nord for Barrow-in-Furness ( via veg) og sør for Whitehaven. Namnet tyder 'ved møllene' på Cumbria-dialekt.Reader's Digest Atlas of the British Isles, place name index.

Millom er ein ny by som blei bygd frå 1866, og tok over den eldre landsbyen Holborn Hill. Han blei bygd kring eit jernverk, og voks til han hadde eit folketal på over 10 000 på 1960-talet. Stenginga av jernverket i 1968 førte til nedgang. Millom er elles kjend som fødestaden til diktaren Norman Nicholson, og for historiske lenkjer til rugby league.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Millom» frå , den 25. juli 2011 og 17. juli 2024.

Kategori:Byar i Cumbria