Ashburton er ein by i grevskapet Devon i England. Han har kring 4 000 innbyggjarar og ligg i utkanten av Dartmoor. Byen ligg ved hovudevegen A38, 32 km nordaust for Plymouth og 27 km sørvest for Exeter. Han var tidlegare ein tinngruveby og er den største byen innanfor Dartmoor nasjonalpark.

Historie Namnet på byen er avleidd frå gammalengels æsc-burna-tun, med tydinga ‘gard/busetnad ved ein bekk med asketre’.

Namnet er nedskrive i Domesday Book (1086) som Essebretone. I seinmellomalderen hadde det religiøse lauget Guild of St Lawrence effektivt teke hand om administrasjonen av byen. Under den engelske borgarkrigen var Ashburton tilfluktstad for flyktane rojaliststyrkar etter at dei var overvunne av general Fairfax ved Bovey Tracey.

Ved folketeljinga i 1841 hadde byen 3 841 innbyggjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ashburton, Devon» frå , den 22. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Devon