Chatteris er ein by i grevskapet Cambridgeshire i England. Han har kring 11 000 innbyggjarar og er ein av fire marknadsbyar i Fenland.

Han er nemnd i Domesday Book i 1086 og byen har spor etter vedvarande busetnad sidan yngre steinalder. Det skal ha vore den siste tilfluktsstaden til Boudica då ho flykta frå romarane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chatteris» frå , den 22. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Cambridgeshire