Ottery St. Mary, ofte berre kalla Ottery, er ein by i grevskapet Devon i England. Han har kring 8 500 innbyggjarar og ligg ved elva Otter, om lag 16 km aust for Exeter. Byen var første gong nemnd i Domesday Book i 1086, der han står oppført som «Otri» og «Otrei». «Oteri Sancte Marie» er første gong nemnd i 1242. Byen har namn etter elva Otter. «St. Mary» kjem av at byen høyrte til kyrkja St. Mary i Rouen i 1086.
mini|venstre|St Mary-kyrkja i Ottery St. Mary.
Byen er fødestaden til den romantiske diktaren Samuel Taylor Coleridge, der faren hans, John Coleridge, var prest.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ottery St Mary» frå , den 21. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Devon