Ilminster er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 6 000 innbyggjarar. Byen ligg aust for krysset mellom hovudvegane A303 (London til Exeter) og A358 (Taunton til Chard og Axminster). Han ligg nær River Isle.

Historie mini|venstre|St Mary-kyrkja i Ilminster.

Ilminster er nemnd i dokument frå 725 og i eit charter gjeve til Muchelney Abbey ( nord for byen) av Ethelred II av England i 995. Ilminster er også nemnd i Domesday Book frå 1086 som «Ileminstre», med tydinga 'kyrkja på elva Isle', frå gammalengelsk ysle og mynster. På denne tida var Ilminster eit blomstrande samfunn som fekk løyve til å halda ein marknad ein gong i veka.

Kyrkja byen har namn etter er vigd til jomfru Maria, og er kjend som The Minster. Den noverande bygningen i hamstone, ein kalkstein frå Ham Hill i Somerset, og stammar frå 1400-talet. Han blei renovert i 1825 av William Burgess, medan koret blei restaurert i 1883. Det blei utført vidare restaurasjonsarbeid i 1887–1889 og 1902.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ilminster» frå , den 19. juli 2011 og 4. september 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Somerset