Preston er ein by og eit distrikt i Lancashire i England. Han ligg ved elva Ribble, 45 km nordvest for Manchester og har kring 140 000 innbyggjarar. Preston er administrasjonsby for grevskapet, og fekk status som city i 2002.

Byen er mest kjend for sin store busstasjon (med 79 plattformer), St. Walburgas kyrkje (den høgaste kyrkja i England) og fotballaget Preston North End. Tradisjonelt har byen hatt ein stor tekstilindustri, som i aukande grad er erstatta av annan industri, mellom anna verkstad- og maskinindustri (landbruksmaskinar, flydelar og anna). Det er framleis produksjon av tekstilar (rayon).

Kvart 20. år finn den store feiringa Preston Guild stad. Den førre var i 1992, og neste kjem dermed i 2012.

University of Central Lancashire, som er eit av dei største universiteta i England, ligg i Preston.

Det stod eit stort slag i byen under den engelske borgarkrigen i august 1648, der styrkane til Oliver Cromwell vann eit avgjerande slag over styrkane til kong Karl I.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Preston (Lancashire)» frå , den 9. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Lancashire Kategori:Distrikt i Nordvest-England Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet