Swale er ei elv i Yorkshire i England. Ho er ein av dei større sideelvane til Ure, som så renn ut i Ouse og deretter Humber.

Elva har utspringet sitt høgt opp i Yorkshire Dales, ved grensa mellom North Yorkshire og Cumbria og ikkje langt frå staden der elva Eden startar. Det første stykket er ho berre ein bekk, og ho blir kalla eigenleg ikkje Swale før staden der Birkdale Beck og Great Sleddale Beck møtest. mini|venstre|Kisdon Force er ein av attraksjonane ved Swale

I nærleiken av landsbyen Keld kryssar ho Pennine Way, og renn så austover gjennom kalkåsane i Swaledale.

Etter fleire fossefall når ho Richmond, der ho passerer Richmond slott og travbanen i Catterick. Ho vender så mot sør i Vale of Mowbray, der elva Wiske renn inn i ho frå Northallerton og Cod Beck frå Thirsk. Ho renn så inn i Ure rett austom Boroughbridge, på ein stad som blir kalla Swale Nab.

Swale seiast å vere den raskaste rennande elva i England.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Swale (elv)» frå , den 7. juli 2011.

Kategori:Elvar i North Yorkshire