Slieve Donard er eit fjell i County Down i Nord-Irland. Det er ein del av Mourne Mountains og den høgaste toppen i provinsen Ulster. Det er det 19. høgaste fjellet i Irland. Slieve Donard ligg nær byen Newcastle på austkysten av County Down, berre 3 km frå Irskesjøen.
Toppen har ei høgd på 850 meter over havet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slieve Donard» frå , den 2. juli 2011.
Kategori:Fjell og åsar i County Down