Phlegopsis er ei biologisk slekt av maurvaktarar i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Dei er kjente som «berrauge», som er ein referanse til ein fargerik berr flekk i huda rundt auga. Dei er avgrensa til fuktig skog i Amazonas i Sør-Amerika. Dei er blant dei sterkaste maurfølgjarane i familien og blir berre sjeldan observert langt frå maursvermar.
Artslista Phlegopsis i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Dropemaurvaktar, Phlegopsis nigromaculata Raudvengmaurvaktar, Phlegopsis erythroptera Bustmaurvaktar, Phlegopsis borbae
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Phlegopsis» frå , den 2. juli 2011
Referansar
Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fugleslekter