Herpsilochmus er ei biologisk slekt av maursmettar i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Desse fuglane finst hovudsakleg i Sør-Amerika, men éin art – rustvengmaursmett, H. frater – har òg utbreiing nordover til Panama.
Slekta Herpsilochmus vart introdusert av den tyske ornitologen Jean Cabanis i 1847. Namnet på slekta kjem frå dei gammalgreske orda herpō, som tyder «krype omkring», og lokhmē, som tyder «kratt» eller «lund». Typearten er bahiamaursmett.
Skildring Slekta omfattar 17 artar som alle er små, om lag 10–13 cm lange, og dei har relativt lange stjertar. Dei lever for det meste i trekronene i fuktige låglandsskoger, men nokre artar held til i lågare fjellområde eller i meir lauvfellande skogstypar.
Fuglane i slekta er lett gjenkjennelege på sitt tydelege fjørmønster. Både hannar og hoer har markert augebryn og kvite spissar på stjertfjørene. Dei fleste artane viser tydeleg kjønnsdimorfisme, der hannane ofte er lys grå med svart krone og svartkvitte venger, medan hoene er meir gulbrune eller raudlege, ofte med svartkvit krone, somme med svak fargetone i krona. Eit unnatak er arten napomaursmett, H. gentryi, der kjønna er nokså like.
Nokre av artane i slekta er grå og kvite artar som er vanskelege å skilje visuelt, og dei vert derfor best skilde gjennom lyd og utbreiing.
Når fuglane syng, vibrerer dei ofte med stjerten – eit godt kjenneteikn som gjer dei lettare å oppdage. Hoa svarar ofte på hannen sin song med ei kortare utgåve. Med det tydelege lætet er fuglane generelt meir høyrde enn sette, særleg dei som lever inne i skogen.
Artsoversyn Herpsilochmus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist V9: Bahiamaursmett, H. pileatus, Bahia antwren, (Lichtenstein, MHC, 1823), (NT) Svartkronemaursmett, H. atricapillus, Black-capped antwren, Pelzeln, 1868, (LC) Aripuanamaursmett, H. stotzi, Aripuana antwren, Whitney, Cohn-Haft, Bravo, Schunck & Silveira, 2013, (LC) Campinaranamaursmett, H. praedictus, Predicted antwren, Cohn-Haft & Bravo, 2013, (LC) Krembukmaursmett, H. motacilloides, Creamy-bellied antwren, Taczanowski, 1874, (LC) Oskestrupemaursmett, H. parkeri, Ash-throated antwren, Davis, TJ & O'Neill, 1986, (VU) Flekkstjertmaursmett, H. sticturus, Spot-tailed antwren, Salvin, 1885, (LC) Loretomaursmett, H. dugandi, Dugand's antwren, Meyer de Schauensee, 1945, (LC) Kajennemaursmett, H. stictocephalus, Todd's antwren, Todd, 1927, (LC) Flekkryggmaursmett, H. dorsimaculatus, Spot-backed antwren, Pelzeln, 1868, (LC) Tepuimaursmett, H. roraimae, Roraiman antwren, Hellmayr, 1903, (LC) Halvmånemaursmett, H. pectoralis, Pectoral antwren, Sclater, PL, 1857, (VU) Stornebbmaursmett, H. longirostris, Large-billed antwren, Pelzeln, 1868, (LC) Napomaursmett, H. gentryi, Ancient antwren, Whitney & Álvarez A, J, 1998, (LC) Gulbrystmaursmett, H. axillaris, Yellow-breasted antwren, (Tschudi, 1844), (LC) Rustvengmaursmett, H. frater, Rusty-winged antwren, Sclater, PL & Salvin, 1880 Raudvengmaursmett, H. rufimarginatus, Rufous-margined antwren, (Temminck, 1822), (LC)
Kjelder
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fugleslekter