L (l) er den 12. bokstaven i det latinske alfabetet og den 11. i det greske alfabetet (Λ λ). Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. Bokstaven heiter på hebraisk lamed, og vart av grekarane omdanna til lambda. Romarane gav bokstaven namnet el. Romartalet L = 50 er oppstått av ei redusert form for den greske bokstaven Ψ (psi).

I runealfabetet er bokstaven femte rune i tredje ætt.

Sjå elles tjukk l.

L kan stå for

talet 50 skrive med romartal L er eit alternativ til Na som symbol for Avogadrokonstanten; sjå Avogadro-lova. L eller La er symbol for lambert, ei eldre eining for lystettleik. etter vitskaplege namn på plante- og dyreslekter og artar, ei forkorting for Linné. namnet på ein roman av Erlend Loe nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Luxembourg på tyske bilskilt: Leipzig på irske bilskilt: Limerick på austerrikske bilskilt: Linz på norske bilskilt før 1971: Rogaland fylke på spanske bilskilt før 2000: Lleida forkorting for det romerske namnet Lucius.

l kan stå for symbol for liter, eininga for volum i SI-systemet. forkorting for det latinske ordet liber, som tyder 'bok'.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Det latinske alfabetet