Jan Mayen er ei 377 km² stor arktisk øy med kyst mot Grønlandshavet i nord og Norskehavet i sør. Øya er delvis dekt av ein isbre. Øya ligg på 70,59° N 8,28° V. Her ligg òg den nordlegaste aktive vulkanen i verda, Beerenberg, som med sine 2277 meter òg er eit av dei høgaste fjella i Noreg. Andre norske vulkanar er Bouvetøya og Peter 1.s øy. Fiskerisona ved Jan Mayen er 293 049 km². I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland.

Jan Mayen er ein del av Kongeriket Noreg, er ikkje eit biland og er ikkje omfatta av Svalbardtraktaten. Øya vert administrert av Fylkesmannen i Nordland, men er ikkje ein del av Nordland fylke.

Historie

Oppdaginga av øya Dei fyrste mogelege haldepunkta for kunnskap om Jan Mayen skriv seg frå 500-talet, og det er grunn til å rekne med at Jan Mayen var kjend i vikingtida.Miljødepartementet, NOU 1991:21, 11.2.2 Aktivitet i historisk tid Henry Hudson gjenoppdaga øya i 1607 og kalla ho Hudson's Tutches. Etter det vart øya observert fleire gonger av navigatørar og kvalfangarar som gjorde krav på ho eller endra namn på ho. Kvalfangarar frå Hull i England kom til øya i 1611 og gav øya namnet Trinity Island, i 1612 kom den franske kvalfangararen Jean Vrolicq til øya og gav ho namnet ein Île de Richelieu. I 1614 gav den engelske kapteinen John Clarke øya namnet Isabella, same år som Jan Mayen fekk namnet øya har i dag. Joris Carolus gav øya namnet etter ein av kapteinane sine, Jan Jacobs May van Schellinkhout, som hadde kome til øya tre år tidlegare.

mini|'Kvaloljefabrikk på Jan Mayen' (1639), Cornelis de Man. Kvalfangst På byrjinga av 1600-talet skipa nederlandske kvalfangarar fleire kvaloljekokeri på øya, slik at dei kunne utvinne olje frå kvalspekket. På det meste var 1000 mann i aktivitet på øya i sumarmånadene og fleire mindre festningsverk vart bygde for å hindre plyndring. Intensiv fangst førte nesten til utrydding av grønlandskvalen, og kvalfangsten rundt Jan Mayen vart stogga mellom 1640 og 1650. Øya vart forlaten og i laupet av dei neste 230 åra vitja berre få skip øya.

Det er framleis nokre restar av spekk-kokeria og nokre kvalfangargraver, og for nokre år sidan vart to større skytevåpen funne nær hovudfangststasjonen.

Ny aktivitet mini|Kvalfangstkipet «Freya» på Jan Mayen. Akvarell frå 1854.

Etter kvalfangstperioden på 1600-talet var det ingen aktivitet på øya før mot slutten av 1800-talet. Ein austerriksk-ungarsk vitskapeleg ekspedisjon gjennomførte kartlegging og utforsking av øya i 1882-83. Karta deira var i vanleg bruk fram til 1950-åra.

På byrjinga av 1900-talet byrja nordmenn med fangst av fjellrev. Revejakta vart avslutta i slutten av 1920-åra, då intensiv fangst hadde ført til ein sterk nedgang i reveflokken. Av dei fyrste 13 fangsthyttene står fem framleis att.

Den fyrste meteorologiske stasjonen vart oppretta i 1921 av Hagbart Ekerold og med unnatak av vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. Av den fyrste meteorologiske stasjonen finst det berre tuftene og lause restar igjen.

Øya vert annektert av Noreg Delar av øya vart okkupert av Meteorologisk institutt på vegner av Noreg i 1922, og heile øya i 1926. Øya vart underlagd norsk suverenitet ved kongeleg resolusjon 8. mai 1929 og vart ein del av kongeriket 27. februar 1930, jf. Jan Mayen-lova sin § 1 Lovdata: Lov om Jan Mayen.

Jan Mayen var administrert frå Oslo, gjennom Sysselmannen på Svalbard fram til 1. januar 1995. So vart Jan Mayen lagt under Fylkesmannen i Nordland. At Jan Mayen er ein del av riket, i motsetnad til dei antarktiske rådvelda som er gjort til biland, gjer at konvensjonar som Noreg er forplikta av, òg gjeld på Jan Mayen viss det ikkje er teke unna i ratifikasjonen.

Andre verdskrig mini|Junkers JU 88 mini|Focke-Wulf Fw 200 Bortsett frå vinteren 1940-41 har det vore kontinuerlege meteorologiske observasjonar på Jan Mayen. I frykt for tyske åtak vart det i 1940 avgjort å brenne stasjonen og evakuere mannskapet til England. Men vurderingar av den strategiske verdien til vêrobservasjonane, mellom anna for konvoitransporten til Murmansk, gjorde at ein ynskte å starte opp verksemda igjen. Året etter, i 1941, returnerte mannskapet saman med norske soldatar. På det meste talde styrken 52 mann. Det vart ikkje gjort freistnader frå tysk side på å setje i land troppar på øya, men tyske fly og ubåtar vitja Jan Mayen fleire gonger for å rekognosere og skaffe seg vêrobservasjonar. Unnataksvis skaut tyske fly mot menn og anlegg på bakken, men skadane vart ikkje store, slik at mannskapet kunne levere meteorologiske data gjennom heile krigen.

To tyske fly styrta på Jan Mayen under den andre verdskrigen og mannskapet på totalt 13 omkom. Det fyrste flykrasjet skjedde 15. juli 1942 ved Flykollen, men var ukjend inntil restane av eit tysk Junkers Ju 88 D1 vart oppdaga 23. august 1950 med fire omkomne besetningsmedlemer. Det andre flykrasjet skjedde 7. august 1942 ved Danielsenkrateret. Flyet var av typen Focke-Wulf Fw 200 og alle ni i mannskapet omkom. Området var dekt av tjukk skodde denne dagen, so bombing var ikkje mogeleg. Av same årsak vart ikkje flyet skote på frå bakken, sidan dei norske styrkane ikkje kunne avgjere om flyet var ven eller fiende på grunn av skodda.

I 1959 vart leivningane av mannskapa på dei to flya gravlagde på krigskyrkjegarden i Narvik.

Hausten 1943 gav den norske regjeringa amerikanarane lov til å skipe ein radiolyttestasjon på Midt-Jan for å kunne peile inn den hemmelege tyske radio- og meteorologiske stasjonen på Grønland. Den amerikanske basen gjekk under namnet Atlantic City. Eit vilkår var at amerikanarane skulle fjerne stasjonen og forlate øya straks etter at krigen var ferdig. Amerikanarane vart ståande på Jan Mayen til februar 1946. Den norske regjeringa var sterkt opptatt av amerikansk tilbaketrekking for å hindre at Sovjetunionen skulle få eit påskot for å krevje liknande eller større militære anlegg på Svalbard.

Jan Mayen var den einaste delen av Kongeriket Noreg som fullt ut var under den lovlege norske regjeringa sin kontroll.

Utviding av den økonomiske sonen I 1980 vart den økonomiske sona utvida til 200 nautiske mil rundt øya, til protestar frå naboøyane Island og Grønland. Andsynes Island godtok Noreg ved avtaler med Island 28. mai 1980 og 22. oktober 1981 ei innsnevring av Jan Mayen-sona, ved at den økonomiske sona til Jan Mayen vert avgrensa av den islandske 200-milssona og ikkje ved midtlina. Tvisten med avgrensinga mot Grønland si økonomiske sone vart avgjort i Jan Mayen-saka mellom Danmark og Noreg av den internasjonale domstolen i Haag i 1993. Avtalene med Danmark og Island vart fremja av Kongen i statsråd 13. februar 1998Stortingsproposisjon nr 35 (1997-1998) og vedteken av Stortinget 2. april 1998Innstilling til Stortinget nr 129 (1997-98)

Nedtrapping av verksemda Ekspedisjonen på kystradiostasjonen Jan Mayen radio vart i 1995 nedlagd og overført til Bodø radio, der han vert styrt via satellitt.

Loran-C-stasjonane i Noreg vart i 2004 avgjort nedlagde innan 1. januar 2006, inkludert stasjonen på Jan Mayen. Regjeringa kunngjorde 9. desember 2005 at dei ynskte å kome med eit framlegg for vidare drift av stasjonaneFiskeri- og kystdepartementet: Pressemelding nr 90/2005 og 23. juni 2006 kunngjorde Fiskeri- og kystdepartementet at drifta ved dei fire norske Loran-C-stasjonane vert lengd til ut 2009 Fiskeri- og kystdepartementet: Pressemelding nr 53/2006. Årsaka til lenginga av drifta er knytt til auka interesse for det bakkebaserte navigasjonssystemet i Europa. Departementet har fått oppmoding frå mellom anna EU, Storbritannia og Frankrike om vidare drift av stasjonane.

Verneplan Direktoratet for naturforvaltning skulle hausten 2007 sende ut eit høyringsframlegg til verneplan for Jan Mayen. Ifylgje framlegget vil to område verte verna, eit lengst sør på Sør-Jan og eit anna lengst nord på Nord-Jan. Området på Midt-Jan med Forsvaret og Meteorologisk institutt sine stasjonar vert fleirbruksområde. Verneområdet vil gå ut til 12 n.m., men ein vil gje unnatak for fiskeria og det vert ei minstehøgd for overflyging og minsteavstand til fuglefjell. Fylkesmannen i Nordland vert forvaltningsstyresmakt for verneområdet. Verneplanen vart sett i verk i 2008.

Geografi mini|Jan Mayen si plassering i forhold til Noreg Øya er 377 km² stor, og ligg 600 km nordaust for Island og 500 km aust for Grønland. Øya ligg om lag 1000 km frå både norskekysten og Svalbard. Ho strekkjer seg 53 km i retning sørvest til nordaust mellom 70° og 72 °N og mellom 8° og 9 °V. 2,5 km brei på det smalaste og 15,8 km på det breiaste.

Øya vert delt inn i tre delar, det smale og låge midtpartiet Midt-Jan og dei berglendte Nord-Jan og Sør-Jan.

Naturforhold Jan Mayen er ein del av den midtatlantiske ryggen. Denne undervasskjeda strekkjer seg heilt sør til Bouvetøya, og er av vulkansk fjell, danna for inntil ein million år sidan i sprekksona mellom kontinentalplatene til Amerika og Europa/Afrika. Jan Mayen er den synlege toppen på eit av desse vulkanske fjella, der fjellfoten er om lag 3000 meter under havet. Jan Mayen sitt kjenneteikn er den 2277 meter høge vulkanen Beerenberg som for ein stor del er dekt av isbrear og utgjer heile den nordlege delen av øya (Nord-Jan). Beerenberg, som framleis er ein aktiv vulkan, hadde sitt siste utbrot i 1985. Heile øya er av vulkansk opphav, men om sumaren gjev mose, gras og hardføre blomar farge til det elles svarte landskapet. Berggrunnen liknar mykje på store delar av Island.

Fjell mini|Beerenberg Jan Mayen er det einaste området i Noreg som har aktive vulkansystem og vulkanske bergartar avsett etter istida. Den snødekte vulkanen Beerenberg er framleis aktiv og er den nordlegaste aktive vulkanen i verda. Beerenberg er ein stratovulkan og har hatt seks utbrot sidan 1732, der det siste utbrotet var i 1985. Framleis stig det damp både frå hovudkrateret og somme andre stader på øya.

Innsjøar Ved den smalaste delen av øya ligg dei to einaste innsjøane på øya, Nordlaguna og Sørlaguna. Nordlaguna er 40 meter på det djupaste og var ei viktig ferskvasskjelde. Men i dei siste tiåra har området som skil lagunen frå sjøen vorte smalare, slik at høge bylgjer slår over og gjer vatnet brakt. Sørlaguna er mykje større, men so grunn at ho kan turke ut om sumaren.

Klima Øya ligg i overgangen mellom arktisk og temperert klima med relativt milde vintrar og kalde sumrar, med ein månadleg middeltemperatur på Midt-Jan som ymsar mellom +5 °C og -6 °C. Øya ligg i lågtrykksbana på den nordlege halvkula som ofte fører mild luft sørfrå. Årsnedbøren ymsar med dei topografiske tilhøva, men er om lag 700 mm på Midt-Jan. Øya er ofte dekt av skodde, og dei omkringliggjande havområda er islagde frå februar til april.

Flora Vegetasjonen er dominert av småvaksne urter, lav og mose. Det veks ikkje buskar og tre på Jan Mayen. Somme artar er endemiske.

Fauna mini|Havhest Avstand frå andre landområde gjer at artsrikdomen er avgrensa på Jan Mayen, men øya er likevel ein viktig hekkestad for fleire sjøfuglartar, og 27 fugleartar hekkar fast på øya Norsk Polarinstitutts side om Jan Mayen. Dei store koloniane med havhest, alkekonge og polarlomvi vert rekna for å ha både nasjonal og internasjonal verneverdi.Miljødepartementet: Pressemelding 8. juni 2004. Andre store førekomstar av fugleartar er krykkje og lunde. Totalt er det observert 98 ulike fugleartar som vitjar øya frå tid til anna.

Fjellrev var tidlegare det einaste talrike pattedyret på øya, men intensiv fangst i byrjinga på 1900-talet førte til at fjellreven nesten vart utrydda. Klappmyss og grønlandssel har yngleplassar på den nordvestlege delen av Jan-Mayen. Isbjørn kan kome innom når iskanten ligg opp mot Jan Mayen vinterstid.

Dei to mest kommersielt verdfulle marine ressursane rundt øya er reke og haneskjel.