miniatyr|Isbjørn er eit døme på eit dyr som har ei sirkumpolar utbreiing rundt nordpolen. Sirkumpolar utbreiing er eit utbreiingsområde hjå ein art eller ei biologisk gruppe som er meir eller mindre samanhengande rundt enten nord- eller sørpolen. Utbreiingsområdet kan ligge både i den tempererte og i den kalde sona. I ei snever tyding kan det visa til artar med utbreiing innanfor polarregionane.
Nokre døme på sirkumpolare dyreartar er rein, isbjørn, fjellrev, snøugle, snøsporv, praktærfugl, ringgås og fjelljo i nord, og weddellsel og adeliepingvin i sør. Nokre nordlege sirkumpolare vekstar er harerug, fjellpryd, polarreddik, raudsildre og strandarve.
Sjå òg Sirkumboreal utbreiing Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cirkumpolär (biologi)» frå , den 6. juni 2017.
Kategori:Biogeografi