miniatyr|Sandwichkonstruksjon der A viser den komplette konstruksjonen, og der B er dei ytre laga som omgjev C som er det midtarste laget Ein sandwichkonstruksjon er ei lagvis oppbygging med ulike materialar. Ved bygging av båtar og fartøy vil det seie at ein bygger skroget av to lag glasfiberarmert plast, på båe sider av eit porøsare kjernemateriale. Styrken avheng både av plasthuda og av kjernematerialet. Den porøse kjernen gjev god isolasjon.

Kjelder Bjørn Fossen: Hundre år med redningsskøyta Grøndahl og Dreyers Forlag 1994

Kategori:Båtbygging