Fredmoen er eit museum for laksefiske ved Stordalselva mellom Årnes og Støvelfossen, i Åfjord kommune i Trøndelag. Engelske sportsfiskarar heldt til på Fredmoen frå om lag 1900 til 1980-talet. Staden er godt bevart med interiør frå starten på 1900-talet, og inneheld mellom anna minne frå den tida engelskmennene var her. Museet vert òg brukt som selskapslokale for mindre grupper.

Opphavleg var eigedommen ein husmannsplass under prestegarden som heitte Elvemo. Namnet «Fredmoen» er ei fornorsking av namnet lord Walshingham gav staden: «I was able to get to Norway in the true fishing season, as I still do, a house and salmon river of my own, which I have christened the Place of Peace.»John de Grey Walsingham: Fish, London, 1926.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fredmoen» frå , den 31. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Museum i Trøndelag Kategori:Åfjord kommune