Marius Borg Høiby (fødd 1997) er son av dronning Mette-Marit og Morten Borg.

Bakgrunn Høiby budde i Kristiansand fram til 1999, vart konfirmert i 2012 i Asker kyrkje og var deretter elev ved Wang vidaregåande skule i Oslo.

I 2017 byrja han å studere «business» ved Santa Monica College i USA, men slutta same semester. Han arbeidde som praktikant i eit motefirma, som seljar i eit firma som utvikla ein «party-app», og som motorsykkelmekanikar i Lier ein kort periode.

Offentleg merksemd Høiby har ifølgje kongehuset inga offentleg rolle. Forholdet hans til influensarane Juliane Snekkestad og Nora Haukland, med tilhøyrande deltaking på kjendistreff og arrangement, har likevel ført til auka offentleg interesse. Siktingar og tiltale i 2025 Den 4. august 2024 vart Høiby arrestert av politiet og sikta for kroppskrenking mot ei ung kvinne, omtalt som kjærasten hans, og for å ha gjort skadeverk i leilegheita hennar. Siktinga fekk omfattande presseomtale i norske og utanlandske medium.

Etter seinare siktingar og ny etterforsking vart Høiby den 18. august 2025 tiltalt for 32 ulike lovbrot, der fire var valdtekter. I januar 2026 kom det eit tillegg i tiltalen, for frakt av 3,5 kg marihuana, brot på vegtrafikklova og brot på besøksforbod. Den 1. februar 2026 kom ei ytterlegare sikting, for kroppskrenking, truslar med kniv og brot på besøksforbod. Dette skal ha skjedd i løpet av den føregåande helga. Høiby vart varetektsfengsla i fire veker. Den 3. mars 2026 vart tiltalen utvida slik at han omfatta 40 punkt.

Rettssaka starta 3. februar 2026 i Oslo tingrett. Påtalemakta la ned påstand om sju år og sju månader i fengsel. Den 15. juni 2026 vart Høiby dømd av tingretten til fire år i fengsel. Han vart frifunnen for to av dei fire tiltalepunkta om valdtekt. Høiby anka dommen.«Marius Borg Høiby anker dommen» VG (15. juni 2026)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marius Borg Høiby» frå , den 28. august 2026.

Kategori:Folk frå Kristiansand