mini|Ungdommar i Oslo som kan vera del av eit bysamfunn, eit skulesamfunn, eit familiesamfunn og så bortetter. mini|Danseoppvising ved hoffet i Yogyakarta. Dei indonesiske dansarane og musikarane og dei europeiske tilhøyrarane tilhøyrer ulike samfunnsgrupper, men er alle del av storsamfunnet Nederlandsk Austindia.
Samfunn er eit fellesskap danna av ei gruppe menneske som lever saman og deler institusjonar. Eit samfunn har gjerne ein felles kultur, felles tradisjonar og interesser. Samfunn kan ha ulike storleikar, og kan til dømes omfatta ein familie, ein husstand, eit lokalsamfunn som ei bygd eller ein by. Ordet kan også visa til større samanslutningar av menneske med sams interesser, som trussamfunn, studentsamfunn og liknande. Alle som bur i eit land er saman i eit stort samfunn som blir kalla storsamfunn. Det største samfunnet er verdssamfunn. Her er alle som bur på jorda medlem.
Sosiologar skil mellom fem ulike hovudtypar av samfunn eller samfunnsformasjonar, grupperte etter kva for ein produksjonsmåte som er den dominerande. Vanlegvis skil ein mellom:
Jeger- og sankarsamfunn Nomadesamfunn Enkle jordbrukssamfunn Plogsamfunn Industrisamfunn
Det er store kulturelle og materielle skilnadar mellom ulike samfunn. Dersom eit samfunn skal bestå, må nemleg visse oppgåver utførast. Oppgåvene tilfredsstiller samfunnsmessige behov. Det er vanleg å dele oppgåvene inn i:
Produksjon Rekruttering og sosialisering Kollektivt vern Erkjenning Styring
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Kategori:Sosiologi Kategori:Antropologi Kategori:Politisk filosofi Kategori:Filosofiske konsept