Lauritz Johnsen () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Glemmen i Østfold.

Johnsen var son til ein gardbrukar. Frå 1851 var han sjølv gardbrukar på farsgarden Lisleby. Han var medlem av heradsstyret frå 1858 til -98, ordførar i periodane 1864-76 og 1880-98. Elles var han presten sin medhjelpar i 30 år og forlikskommissær 1860-1905. Han var også medlem av amtsutvalet og av tilsynskomiteen for amtssjukehuset, og revisor i ti år for overformynderiet.

Johnsen møtte på Stortinget første gongen frå 22. mars 1872 og heile 1873-sesjonen som 1. varamann for Smaalenenes amt. Han møtte i staden for avdøde Johan Ludvig Widding og fekk sete i militærkomiteen. Stortingsperioden 1880-82 og på omframstortinget var han 4. representant frå amtet, var då medlem protokollkomiteen.

Johnsen døydde på slektsgarden Lisleby i 1908.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Folk frå Fredrikstad