Marie-Thérèse Colimon-HallOpphavleg Marie-Thérèse Colimon. () var ein haitisk forfattar.
Colimon-Hall vart fødd i Port-au-Prince og byrja forfattarskapen sin som dramatikar, og publiserte fem skodespel mellom 1949 og 1960. I 1974 gav ho ut den fyrste og mest kjende romanen sin, Fils de Misère. Ho skreiv også essay, noveller og barnelitteratur. Colimon-Hall sine observasjonar av det haitiske folket sin kamp mot fattigdom gav ein særleg brodd til arbeidet hennar, noko som er tydeleg i mellom andre Fils de Misère. I novellesamlinga Les Chants des sirenes utforska ho den smertefulle verknaden av den haitiske diasporaen, både på individ i eksil og i det haitiske samfunnet.
Kjelder Litteratur Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 102.
Nettstader «Marie-Thérèse Colimon-Hall» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 10. mai 2011. «Marie-Thérèse Colimon Hall» på Île en île-prosjektet hjå Lehman College, innhenta 10. mai 2011.
Referansar
Kategori:Haitiske forfattarar