Amerikaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes, som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskyle til tukanar.
Amerikaskjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.
To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua. __NOTOC__ Taksonomi Capitonidae var tidlegare ein parafyletisk familie av alle skjeggfuglar, men no vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa av dei amerikanske slektene Capito og Eubucco.
Artslista Amerikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Capito Gullbrystskjeggfugl, Capito aurovirens, Scarlet-crowned Barbet, LC, Cuvier, 1829 Amazonskjeggfugl, Capito dayi, Black-girdled Barbet, VU, Cherrie, 1916 Flekkroneskjeggfugl, Capito maculicoronatus, Spot-crowned Barbet, LC, Lawrence, 1861 Eldpanneskjeggfugl, Capito squamatus, Orange-fronted Barbet, NT, Salvin, 1876 Kvitryggskjeggfugl, Capito hypoleucus, White-mantled Barbet, VU, Salvin, 1897 Raudbelteskjeggfugl, Capito wallacei, Scarlet-banded Barbet, VU, O'Neill, Lane, Kratter, Capparella et al., 2000 Femfargeskjeggfugl, Capito quinticolor, Five-colored Barbet, VU, Elliot, 1865 Brunbrystskjeggfugl, Capito brunneipectus, Brown-chested Barbet, LC, Chapman, 1921 Auroraskjeggfugl, Capito niger, Black-spotted Barbet, LC, Müller, 1776 Gyllenpanneskjeggfugl, Capito auratus, Gilded Barbet, LC, Dumont, 1816
Slekt Eubucco Sitronstrupeskjeggfugl, Eubucco richardsoni, Lemon-throated Barbet, LC, Gray, 1846 Inkaskjeggfugl, Eubucco tucinkae, Scarlet-hooded Barbet, LC, Seilern, 1913 Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii, Red-headed Barbet, LC, Lafresnaye, 1845 Fleirfargeskjeggfugl, Eubucco versicolor, Versicolored Barbet, LC, Müller, 1776 Kjelder Denne artikkelen starta med stoff frå «Capitonidae» frå , den 10. mai 2011
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skjeggfuglar S