Rauland kyrkje er ei krosskyrkje frå 1803 som står i Vinje kommune i Telemark.

Kyrkja er bygd av Halvor Høgkasin frå Hjartdal, som var elev av Jarand Rønjom frå Åmotsdal. I 1953 vart kyrkja restaurert, og då dekorert av målaren Kr. Kildal. Kyrkja har to gamle krusifiks frå 1200- og 1300-talet. Attmed kyrkja er det ein minnestein over Førnesbrunen.

Byggverket er i tre og har 200 plassar.

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Rauland kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Kyrkjer i Vinje Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1800-åra Kategori:Kulturminne i Vinje Kategori:Krosskyrkjer i Noreg