«Everything's Alright» er ein song skriven og framført av The Mojos. Han vart gjeven ut som singel i 1964 og nådde 9. plass i Storbritannia.
Uvanleg for denne tida var at begge sidene av singelen var skriven av bandet. «Everything's Alright» er tilskriven alle fem medlemmane i bandet (Nicky Crouch, Bob Konrad, Stu James, Keith Karlson og «Simon Stavely», eit psevdonym for pianisten Terence O'Toole). Berre Karlson, James og Stavely har skrive B-sida, «Give Your Lovin' To Me»..
Ein EP kalla The Mojos med «Everything's Alright» som opningsspor, kom ut seinare på året.
David Bowie spelte inn ein versjon av «Everything's Alright» for albumet hans Pin Ups i 1973, med Aynsley Dunbar på trommer, som tidlegare òg var medlem av The Mojos etter at «Everything's Alright» var komen ut.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Everything's Alright (The Mojos song)» frå , den 4. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Decca Records-singlar