«Rock 'n' Roll Suicide» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som den siste songen på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i juni 1972. Han fortel soga om Ziggy som kollapsar som ei gammal, utvaska rockestjerne, og var òg siste songen spelt på Ziggy Stardust-konsertane. I april 1974 gav RCA songen ut på singel.

Musikk og tekst

Bowie såg på songen i same tradisjon som ein fransk chanson, medan biografen David Buckley har skildra både «Rock 'n' Roll Suicide» og opningssporet på albumet, «Five Years», «meir som avantgarde showsongar enn faktiske rockesongar».David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.141 Journalisten Stephen Thomas Erlewine meinte på liknande vis at songen hadde «ei stor kjensle av scenesett drama ein tidlegare ikkje hadde høyrt i rock & roll».[ Allmusic album review]

Sjølv om Bowie har indikert Baudelaire som inspirasjon, er teksten «Time takes a cigarette...» meir lik diktet «Chants Andalous» av Manuel Machado: «Life is a cigarette / Cinder, ash and fire / Some smoke it in a hurry / Others savour it».Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.174-175 Den formanande linja «Oh no, love, you're not alone» refererer til Jacques Brel-songen «You're Not Alone» («Jef») som fanst i musikalen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris.[ Allmusic song review] Bowie spelte Brel sin «My Death» under Ziggy Stardust-konsertane og spelte «Amsterdam» på BBC.

Utgjeving og ettermæle «Rock 'n' Roll Suicide» var ein av dei siste songane som vart spelte inn for Ziggy Stardust, i lag med «Suffragette City», som var songen før på albumet, samt «Starman», som kort tid etter vart gjeven ut som singel. Songen vart spelt inn 4. februar 1972.Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.242 Som den siste songen på albumet og under Ziggy Stardust-konsertane i 1972-1973, vart han snart eit slagord, som stod på jakkene til mange av tilhengjarane.Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.48

I april 1974 var RCA utolmodige av å vente på nye songar og hadde alt skunda seg med å gje ut «Rebel Rebel» frå Diamond Dogs-innspelinga, og plukka vilkårleg ut denne songen som singel. Han var to år gammal og dei fleste hadde alt songen på Ziggy Stardust-albumet. Singelen gjorde det derfor ikkje så veldig bra.David Buckley (1999) Op Cit: s.244 Han nådde 22. plass i Storbritannia, den første RCA-singelen til Bowie som ikkje nådde Topp 20 sidan «Changes» i januar 1972. B-sida til singelen var «Quicksand».

Innhald «Rock 'n' Roll Suicide» (Bowie) – 2:57 «Quicksand» (Bowie) – 5:03

Medverkande Produsentar Ken Scott David Bowie

Musikar David Bowie: vokal, akustisk gitar, strykearrangement Mick Ronson: elektrisk gitar Trevor Bolder: bassgitar Mick Woodmansey: trommer

Konsertversjonar Bowie spelte songen på BBC-showet Sounds of the 70s with Bob Harris den 23. mai 1972. Dette vart sendt den 19. juni 1972 og i 2000 gjeven ut på albumet Bowie at the Beeb. Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72. Opptaket frå den kjende konserten i Hammersmith Odeon i London, den 3. juli vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture. Før songen byrjar annonserer Bowie: «Alle saman...dette har vore ein av dei største turneane våre. Eg vil takke bandet. Eg vil takke scenearbeidarane våre. Eg vil takke lysteknikarane våre. Av alle konsertane på denne turneen, vil denne konserten vere med oss lengst, for ikkje berre er det den siste konserten på turneen, men det er den siste konserten me nokon gong kjem til å spele. Takk.» Denne versjonen finst òg på Sound and Vision-boksen. Eit opptak frå 1974-turneen vart gjevne ut på David Live. Eit anna opptak frå turneen kom ut på den halvoffisielle A Portrait in Flesh. Siste gongen Bowie spelte songen på konsert var under Sound+Vision-turneen i 1990.

Andre utgjevingar Han vart gjeven ut som biletdisk i RCA Life Time-settet. Songen finst òg på samleplatene: The Best of David Bowie (Japan 1974) Best of Bowie (1980) The Singles Collection (1993) The Best of 1969/1974 (1997) The Platinum Collection (2006)

Andre versjonar Aslan Black Box Recorder - The Worst of Black Box Recorder (2001); finst òg på Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs som følgde med mars 2003-utgåva av Uncut. El Vez - G.I. Ay Ay! Blues og A Lad from Spain? EP (1996) John Frusciante - Live in Amsterdam 2001 Tony Hadley - David Bowie Songbook (1993) Info Riot - Ashes to Ashes: a Tribute to David Bowie (1998) Rilo Kiley Neal Morse - Cover to Cover Hazel O'Connor - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001) OK Go og Bonerama - iTunes-EP Revue Noir - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006) Seu Jorge - Portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004) Techno Cowboy - The Ziggy Stardust Omnichord Album (2009) Camille O'Sullivan - Live at the Olympia (2008) BB Brunes Gwyneth Herbert - All the Ghosts (2009)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rock 'n' Roll Suicide» frå , den 2. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar om sjølvmord Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Rockeballadar