«The Prettiest Star» er ein song av David Bowie, opphavleg gjeven ut som singel i mars 1970.

Bowie hadde i januar 1970 spelt inn ein gammal song frå Deram-tida, «London Bye Ta-Ta», som var meint som ein oppfølgjar til «Space Oddity» tidleg i 1970. Under den same innspelinga dukka òg ein ny song opp, kalla «The Prettiest Star». Bowie skreiv songen for Angela Barnett, og spelte han visstnok på telefon for hennar då han fridde til ho. Han valde denne songen som den neste singelen sin, trass i at manager Kenneth Pitt, likte «London Bye Ta-Ta» langt betre.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.80-81

Marc Bolan spelar gitar på songen. Bowie skulle dei neste åra rivalisere med Bolan om krona til kongen av glamrock. Produsenten Tony Visconti, som førte dei to spirande popstjernene i lag i studio, hugsar at innspelinga gjekk bra heilt til slutten då kona til Bolan, June, skal ha sagt til Bowie, «Marc er for god for deg, til å spele på denne songen!»

«The Prettiest Star» har eit grunnleggande vers-refreng-struktur, enkle rim, dyslektiske rim og ein fin, men kanskje litt lite spennande melodi.

Songen vart spelt inn 8., 13. og 14. januar 1970 med Visconti på bass og Godfrey McClean på trommer. Trass i gode meldingar, selde singelen visstnok mindre enn 800 eksemplar, som var ein stor nedtur etter den store suksessen med «Space Oddity». Mellom 3. og 10. desember 1972 vart ein meir glamrockaktig versjon spelt inn i New York City og gjeven ut på albumet Aladdin Sane i 1973, med Mick Ronson på gitar, nesten tone for tone av det Bolan hadde speltRoy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.32

Innhald

Medverkande

Produsent: Tony Visconti Musikarar (den originale 1970-utgåva): David Bowie: Vokalist, akustisk gitar Marc Bolan: elektrisk gitar på «The Prettiest Star» Tony Visconti: bassgitar, strykearrangement John Cambridge: trommer Derek Austin Hammondorgel

Tim Renwick, John 'Honk' Lodge og John Cambridge var alle frå bandet Junior's Eyes, som ei kort stund akkompagnerte Bowie på konsertane hans og ein radioframferd for BBC Radio i oktober 1969.Junior's Eyes diskografi at Discogs.comDavid Bowie and Junior's Eyes BBC recording session at The Illustrated db DiskografiBattersea Power Station (Junior's Eyes) Liner Notes, David Wells (2000)

Musikarar (1973 Aladdin Sane-versjonen): David Bowie: vokal, akustisk gitar Warren Peace: korvokal, klapping Mick Ronson: elektrisk gitar, korvokal Trevor Bolder: bassgitar David Sanborn: tenorsaksofon Mike Garson: piano Woody Woodmansey: trommer

Andre utgjevingar Aladdin Sane-versjonen vart gjeven ut som B-side til den amerikanske singelen «Time» i april 1973. 1973-utgåva vart òg gjeven ut på den japanske samleplata The Best of David Bowie i 1974. Singelversjonen frå 1970 vart gjeven ut på Sound + Vision-boksen i 1989, og på Re:Call 1, del av samlinga Five Years (1969–1973), i 2015. Singelversjonen finst i den karriereomfattande plateboksen til Marc Bolan kalla 20th Century Superstar. På The Best of 1969/1974 i 1997 vart den originale innspelinga gjeven ut for første gong i stereo, omtalt på omslaget som «Bolan Stereo Mix». Den same versjonen kom seinare ut på The Platinum Collection (2006). Songen vert nytta i filmen Kinky Boots.

Andre versjonar Den finske musikaren Hector spelte inn songen for albumet HEC i 1977. Det franske industri-metalbandet Treponem Pal spelte ein versjon av songen i 1989 for debutalbumet Treponem Pal. Ein versjon spelt inn av det britiske rockebandet T. Rex finst på samlinga 20th Century Superstar. Ian McCulloch spelte ein versjon av songen for Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs, eit hyllestalbum for Bowie frå mars 2003-utgåva av Uncut. Den britiske songaren Simon Turner spelte inn ein versjon for Oh! You Pretty Things: The Songs of David Bowie, eit hyllestalbum for Bowie frå 2006. Den amerikanske songaren Jad Fair spelte ein versjon av for albumet Sunshiney Shine.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Prettiest Star» frå , den 30. april 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5 "The Prettiest Star" at Teenage Wildlife

Bakgrunnsstoff

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Rockeballadar