Malé er hovudstaden på Maldivane og ligg på øya med det same namnet. I 2014 hadde byen 133 019 innbyggjarar. Det finst mange moskéar i byen, den største frå 1984 med ein 35 meter høg gyllen kuppel og ein 44 meter høg minaret. Den eldste moskéen i byen er Hukuru Miskily, 'fredagsmoskéen', som opphavleg er frå 1100-talet, men vart bygd opp att rundt 1650. I Malé er det òg eit palass frå 1913 og eit nasjonalmuseum.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Maldivane Kategori:Hovudstader i Asia