Jordskjelvet i Kobe 1995 var eit jordskjelv som skjedde tysdag den 17. januar 1995 kl. 05:46 lokal tid. Det vart målt til 6,8 på momentmagnitudskalaen (USGS), og Mj7.3 (jusert frå 7.2) på JMA-skalaen. Skjelva varte i om lag 20 sekund. Senteret for jordskjelvet var 16 km under episenteret, nord på øya Awaji, 20 km frå byen Kobe.
Om lag 6434 menneske mista livet, 4600 av desse frå Kobe. Av dei store byane var det Kobe, med 1,5 millionar innbyggjarar, som låg nærast episenteret og som vart hardast råka av skjelvet. Dette var det verste jordskjelvet til Japan på 1900-talet etter Kantō-jordskjelvet i 1923, som kravde 140 000 liv. Øydeleggingane vart estimerte til ti billionar yen (100 milliardar dollar), 2,5 % av Japan sitt BNP på den tida.
Kjelder
Seismic Activity in Japan. Headquarters for Earthquake Research Promotion. Retrieved on 2009-05-06. Denne artikkelen bygger på «Great Hanshin earthquake» frå , den 17. april 2011.
Bakgrunnsstoff City.Kobe.jp , The Great Hanshin-Awaji Earthquake Statistics and Restoration Progress
Kategori:Jordskjelv i 1995 Kategori:Jordskjelv i Japan Kategori:1995 i Japan