These Foolish Things er debutalbumet til Bryan Ferry som soloartist, gjevne ut medan han framleis var solovokalist og frontmann i Roxy Music. Albumet kom ut i oktober 1973 på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i USA. Det vert rekna som ein annan stil enn Roxy Music sidan det utelukkande består av coverversjonar, hovudsakleg standardar. These Foolish Things selde godt og fekk god kritikk. Det nådde femteplassen på UK Albums Chart og selde til gullplate i mai 1974.

Dei fleste av songane på albumet var Ferry sine personlege favorittar og strekte seg frå standardar frå 1930-åra via Elvis Presley i 1950-åra til Bob Dylan og The Rolling Stones.http://www.vivaroxymusic.com/albums_3.php

Komposisjon Då Ferry snakka om albumet i 1973 sa han: «Det er ei særs variert samling. Eg har gjeve opp å prøve å tiltale alle samstundes. Somme vil like det av ei grunn, og andre av ein annan grunn. Og somme vil truleg mislike det for feil årsaker, sjølv om eg håpar at den generelle meininga kjem fram. Det er underhaldningsverdien. Trur eg.»

Mottaking

Robert Christgau meinte at Ferry «både undergraver den oppblåste idealismen på Bob Dylan sin 'A Hard Rain's a-Gonna Fall' og stadfestar den essensielle krafta i songen», etablerer Lesley Gore sin «It's My Party» som ein protestsong, og med versjonen sin av «These Foolish Things», «minner oss på at pop berre er, vel, tåpelege ting, og av dei ikkje berre kjem forut for Andy Warhol, men rock and roll sjølv.» I 1983 skreiv Dave Marsh i The New Rolling Stone Record Guide:

AllMusic-skribenten Ned Raggett sa at gjennom These Foolish Things «ber den umiddelbare gjenkjennelege silkerøysta til Ferry alt på perfekt vis, og den totale kjensla er leiken og feirande», og kalla albumet «eit av dei beste av sitt slag av nokon artist.» Rob Sheffield hylla i The New Rolling Stone Album Guide i 2004 albumet som eit «konseptuelt og musikalsk tour de force». I 2010 hadde Rhapsody ført opp These Foolish Things som ei av dei beste coveralbuma gjennom tidene.

Innhald

Medverkande Bryan Ferry – solovokal, akustisk piano Eddie Jobson – klaverinstrument, synthesizer, fiolin David Skinner – akustisk piano Phil Manzanera – gitarsolo (10) John Porter – gitar, bassgitar Paul Thompson – trommer John Punter – ekstra trommer (7, 8) Roger Ball – alt- og barytonsaksofon, blåsearrangement Ruan O'Lochlainnb – altsaksofonsolo (11) Malcolm Duncan – tenorsaksofon Henry Lowther – trompet Robbie Montgomery – korvokal (1, 8) Jessie Davis – korvokal (1, 8) The Angelettes – korvokal (2–7, 9–13)

Teknisk Bryan Ferry – produsent John Porter – produsent John Punter – produsent, lydteknikar Steve Nye – lydteknikar Andy Arthurs – assisterande lydteknikar Nicholas De Ville – design Karl Stoecker – fotografi

Salslister

Vekeslister Liste (1973)PlasseringAustralske album (Kent Music Report)18

Årslister Liste (1973)PlasseringNederlandske album (Album Top 100)70

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «These Foolish Things (album)» frå , den 9. april 2011 og 18. juli 2021 oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bryan Ferry-album Kategori:Debutalbum frå 1973 Kategori:Coveralbum Kategori:Island Records-album Kategori:Album produserte av John Punter Kategori:Album produserte av John Porter