mini|Rat-terrier, ein terriertype som lenge blei brukt som gardshund i USA.

Terrierar er ei gruppe hundar med ei rekkje morfologiske fellestrekk. Dei fleste rasane er populære familiehundar, men dei var opphavleg avla fram som jakt- og kamphundar, og var særleg brukte i kampen mot skadedyr, som rotter. Ettersom fleire av dyra dei jakta på bur under jorda, er terrierar er flinke til å grava, og namnet deira kjem frå det latinske ordet terra som tyder jord.

Terrierar er særs energiske og livlege hundar og har til tider eit hissig temperament. Dei varierer mykje i storleik og er ofte dominante overfor andre hundar.

Terrierrasar mini|venstre|Airedaleterrier. mini|Skyeterrier mini|venstre|Amerikansk staffordshireterrier

Airedaleterrier Amerikansk staffordshireterrier Australskterrier Bedlingtonterrier Borderterrier Bullterrier Cairnterrier Cheskyterrier Dandie dinmontterrier Glatthåra foxterrier Glen of imaalterrier Irsk soft-coated wheatenterrier Irsk terrier Kerry blueterrier Lakelandterrier Manchesterterrier Miniatyrbullterrier Norfolkterrier Norwichterrier Parson russellterrier Ruhåra foxterrier Sealyhamterrier Skotskterrier Skyeterrier Staffordshire bullterrier Tysk jaktterrier Welshterrier West highland whiteterrier Yorkshireterrier

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hundar