Periferieininga Kárpathos-Kásos (gresk Περιφερειακή Ενότητα Καρπάθου-Κάσου, Periferiakí enótita Karpáthou-Kásou) er ei av dei 13 periferieiningane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Dodekanesane. Frå 2011 hadde periferieininga namnet Kárpathos, men skifta namn til Kárpathos-Kásos i 2017. Frå 2018 har kommunen Kásos skifta namn til Den heroiske øya Kásos (Ηρωικής Νήσου Κάσου), slik at det formelle namnet på periferieininga no er Periferieininga Kárpathos-Den heroiske øya Kásos (Περιφερειακή Ενότητα Καρπάθου-Ηρωικής νήσου Κάσου).
Periferieininga er sett saman av øyane og kommunane (nummer på kartet) Kárpathos (5) Kásos (6) Hovudstaden er Kárpathos.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kárpathos (Pigádia) Kárpathos 2 707 2 815 Ajía Marína Kásos 444 549 Arkása Kárpathos 531 497 Apéri Kárpathos 353 427 Menetés Kárpathos 416 382 Fry Kásos 357 346
Referansar
Karpathos Karpathos