Jørgen Langanger Selmer () var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Drammen. Christian Selmer var far hans.
Selmer vart student i 1869 og cand. jur. i 1873. Han var deretter tilsett på byfutkontoret i Drammen, så fullmektig hos sakførar i Kristiania. Frå 1876 arbeidde han i statsadministrasjonen, lengste tida i Indredepartementet. Tida 1885 til han døydde var han byfut i Hammerfest.
Selmer representerte Høgre frå bykrinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø på Stortinget valperiodane 1889-91 og 1895-97. Begge bolkane var han medlem av protokollkomiteen, 1891-sesjonen var han sekretær i denne. Også sekretær i Odelstinget 1890-91.
Han døydde 1906 i Hammerfest.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Folk frå Drammen