Blackdown Hills er ei åsrekkje langs grensa mellom Somerset og Devon sørvest i England, som har status som Area of Outstanding Natural Beauty (AONB).

Det er spor etter menneskeleg busetnad i åsane sidan jernalderen, og fleire av åsane ar restar etter åsfort. Her finst òg Dunkeswell Abbey og fleire landsbykyrkjer. Åsane er kryssa av eit nettverk av mindre vegar og dei større vegane går rundt åsane.

Den høgaste av åsane er Staple Hill i Somerset med ei høgd på 370 meter over havet. River Culm spring ut frå åsane nær Culmhead og renn vestover gjennom Hemyock til ho munnar ut i River Exe nordvest for Exeter. Andre elvar som spring ut i åsane er River Otter, River Yarty og Corry Brook.

Landsbyar kring åsane er Staple Fitzpaine, Buckland St Mary, Whitestaunton, Wambrook, Churchstanton, Dunkeswell, Upottery, Smeatharpe, Hemyock, Blackborough, Yarcombe, Membury, Stockland, Sheldon og Cotleigh.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Blackdown Hills» frå , den 3. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Blackdown Hills AONB – offisiell nettstad

Kategori:Areas of Outstanding Natural Beauty i England Kategori:Åsar i Somerset Kategori:Åsar i Devon Kategori:Verneområde i Somerset Kategori:Verneområde i Devon