Theodor Dahl () var ein norsk forfattar og journalist. Han vart fødd på Line i Time kommune og voks opp på Orstad i Klepp kommune. Som vaksen budde han for det meste i Stavanger. I 1907 byrja han som journalist. I 1921 debuterte han som forfattar med boka Lyngheifolk. Dahl var nært knytt til Jæren. Den jærske naturen og det jærske lynnet spela ei stor rolle i forfattarskapen hans.

Verkliste 1921 - Lyngheifolk 1922 - Hanalandshanen 1923 - Manden på timpellete 1927 - Runestkrossen 1932 - Tre lys og to skjebner. Roman 1932 - Jærsk lynne og humor 1933 - Gullsteinen 1937 - En hest en prest og en morildmann 1938 - Jeg kranser min jord 1942 - Under Jærens himmel 1943 - Jæren i syn og minne 1944 - Humor fra hav til hei Humoristiske forteljingar frå Jæren 1944 - Til deg du hei 1947 - Byen og menneskene

Kjelder Artikkel om Theodor Dahl på NBL, skriven av Tor Obrestad.

Bakgrunnsstoff Theodor Dahl biografi med bilder Digitaliserte bøker av Dahl hos Nasjonalbiblioteket.

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Klepp Kategori:Folk frå Time