Mighty ReArranger er eit studioalbum av den britiske rockesongaren Robert Plant og bandet hans Strange Sensation. Det vart gjeve ut 25. april 2005. Mighty ReArranger består av ei blanding av verdsmusikk og vestleg musikk med mystiske, skrå og noko kyniske referansar til religion og lagnad.
Mighty ReArranger nådde 4. plass på den britiske albumlista, 22. plass i USA og 10. plass i Noreg. Albumet vart av Amazon.com utvald som eit av dei 100 beste albuma for 2005 og vart nominert til to Grammy Awards: Beste rockevokal av ein soloartist for «Shine It All Around» og beste hardrock-song for «Tin Pan Valley».Rock On The Net/Grammy Awards
Innhald
Medverkande Robert Plant and the Strange Sensation Robert Plant – vokal, munnspel, produsent Justin Adams – elektrisk gitar, bendir, tehardant, lapsteelgitar, bassgitar John Baggott – klaverinstrument, electronica, Moog-bassgitar Clive Deamer – trommer, bendir Billy Fuller – elektrisk og kontrabass Skin Tyson – akustisk og elektrisk gitar, lapsteelgitar, bassgitar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mighty ReArranger» frå , den 29. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Robert Plant-album