Them Crooked Vultures er ei supergruppe danna i Los Angeles i 2009 av John Paul Jones, tidlegare medlem i Led Zeppelin; Dave Grohl, frå Foo Fighters og tidlegare medlem av Nirvana, og Josh Homme, frå Queens Of The Stone Age og tidlegare medlem i Kyuss. Gruppa har òg nytta gitarist Alain Johannes på konsertane sine. Bandet byrja å spele inn musikk i juli 2009 og spelte den første konserten sin den 9. august 2009 i Chicago, etterfølgd av ein konsert i Europa den 19. august. Den første singelen til bandet, «New Fang» kom ut i oktober 2009, etterfølgd av debutalbumet månaden etter, som debuterte på 12. plass på Billboard 200. Gruppa vann ein Grammy Award for beste hardrock song med «New Fang» i 2011.

Medlemmar Josh Homme – solovokal, sologitar John Paul Jones – bass, klaverinstrument, piano, keytar, lapsteelgitar, mandolin, fiolin, korvokal Dave Grohl – trommer, perkusjon, korvokal På konsertar Alain Johannes – rytmegitar, bass, klaverinstrument, korvokal

Diskografi

Them Crooked Vultures (18. november 2009)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Them Crooked Vultures» frå , den 27. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Them Crooked Vultures på Facebook Them Crooked Vultures på Youtube

Kategori:Musikkgrupper frå 2000-talet Kategori:Musikkgrupper frå 2010-talet Kategori:USA-amerikanske hardrockgrupper Kategori:Bluesrock-grupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 2009 Kategori:Supergrupper Kategori:Grammy-vinnarar