«Nobody's Fault but Mine» er ein tradisjonell bluessong som har vorte spelt av mange musikarar sidan seint i 1960-åra. Ein gospel kalla «It's Nobody's Fault but Mine» er ført opp i Cleveland Library si Index to Negro Spirituals i 1924. Den første kjende innspelinga av songen, som «It's Nobody's Fault but Mine» vart gjort av gitarist Blind Willie Johnson, spelt inn i perioden 1927-1930. Det er ukjend kven som har skrive songen og om han berre er ein tradisjonell song. Versjonen til Johnson er i dag offentleg eigedom. Ein kraftig omgjort versjon finst på albumet Presence av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Ein annan versjon av songen vart stundom spela av Jerry Garcia med the Grateful Dead, stundom med tekst, stundom utan og stundom tilskriven Blind Willie Johnson.http://www.dead.net/song/nobodys-fault-mine
Led Zeppelin
«Nobody's Fault but Mine» vart spelt inn av det engelske rockebandet Led Zeppelin og gjeven ut i 1976 på albumet deira Presence. Led Zeppelin-songen er registret på ASCAP med opphavsrett.
Oversym Teksten på utgåva til Led Zeppelin inneheld ein annan tekst med tekstlinjer ein ikkje finn på Johnson-versjonen. Songstrukturen til Led Zeppelin er òg annleis i både vers og refreng. Musikalsk er det endringar i tempoet og songen inneheld eit deltablues-basert riff i e-moll (og seinare E-dur) av Jimmy Page.
Plateprodusent Rick Rubin kommenterte songen: «Ein tradisjonell blues, vridd gjennom eit trippete, psykedelisk filter. Dei spela med slik presisjon, og gjorde desse merkelege arrangementa som høyrest ut som lause jammar, men som verkeleg er koreograferte.»The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 26. mars 2011.
Konsertar Songen vart spela på konsertane til Led Zeppelin frå 1977 og frametter til dei gav seg i 1980.Lewis, Dave (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Ein konsertversjon frå Knebworth i 1979 finst på Led Zeppelin DVD.
«Nobody's Fault but Mine» vart òg spela på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007.
Medverkande Robert Plant - vokal, munnspel Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer
Andre versjonar Tilskriven Page/Plant 1991: Dread Zeppelin (5,000,000) 1994: Page and Plant (No Quarter: Jimmy Page & Robert Plant Unledded) 1994: The 77s (Drowning with Land in Sight) 1994: Cinnamon (Cinnamon III) 1995: Page and Plant (singel) 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin) 1999: John Corabi (A Tribute to Led Zeppelin: The Song Remains Remixed) 2000: Jimmy Page & The Black Crowes (Live at the Greek) 2000: Orange Moon (Dead Zeppelin: A Metal Tribute to Led Zeppelin) 2000: Never Never (Never Never Tribute) 2003: various artists (Pickin' on Led Zeppelin, Vol. 1-2) 2004: Paul Gilbert med John Paul Jones (Guitar Wars) 2007: various artists (A Tribute to Led Zeppelin: The Essential Collection) 2007: Led Zepagain (Led Zepagain II: A Tribute to Led Zeppelin) 2009: Andrew Winton (Surface Tension)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nobody's Fault but Mine» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Bakgrunnsstoff «Nobody's Fault but Mine» på ledzeppelin.com
Kategori:Songar frå 1927 Kategori:Blind Willie Johnson-songar Kategori:Gospelsongar Kategori:Bluessongar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar produserte av Jimmy Page